Rakfisk av villørret

Årets rakfiskkveld i Jølstramuseet fredag 22.november kl.19:00 – 00:00

Rakfisken frå Finn Årdal er klar til årets rakfiskkveld i Jølstramuseet i november.
Ta med deg familie, venner eller kom åleine og opplev eit gourmetmåltid tilberedt av kokk Kim-Andrè Aase. Det er fleire som har smakt rakfisk for første gong denne kvelden – og likt det.
Du vil bli servert ein velkomst og ein smak av rakfisk når du kjem. Etterkvart vil 3 rettar med rakfisk serverast der hovudretten vert tradisjonell rakfisk. Måltidet avsluttast med ein forfriskande dessert.
kr. 750,-. 
Drikkepakke kan ein får kjøpt ved bordet før måltida vert servert.
Vi tilpasser allergier. Gi melding om dette ved å ta kontakt med Heidi på tlf.: 971 40 975