Laster Arrangementer
Finn Arrangementer

Navigasjon for arrangementvisning

Kommende Arrangementer

Arrangementer listenavigering

april 2018

Salsutstilling » Fjella i Jølster» Torsdagar frå kl. 16:00 – 21:00

2. aprilKl.16:00 - 10. juniKl.21:00

Salsutstilling av Astrid Myklebust sine bilete. Grafikk, vev og akvarell. “Det gjeld å seie mest mogleg med minst mogleg. Kunst kan berre forståast med kjensle. Kunnskap er eit godt grunnlag for å skaffe seg kjenslemessig kontakt med kunstverket. Abstrakte bilete er ikkje bilete av noko - men bilete i seg sjølv.” (Astrid Myklebust) Kunstkafeèn er open med servering av enkle rettar. Vi tek også imot bestilling på grupper desse dagane. ”Ein anna klode”, etsing, 1980    

Les mer »

Forfattarkveld med Maria Parr

26. aprilKl.18:00 - 19:00

Velkomne til forfattarmøte i Jølstramuseet! Forfattaren Maria Parr er nyleg tildelt nynorsk barnelitteraturpris. Torsdag 26. april kjem ho til Jølster, og du er velkomen til å høyre Maria lese frå bøkene sine: Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet. Dette er barnebøker som passar for alle aldrar. Kom gjerne med heile familien! Kaféen er open, så det passar fint å ta ettermiddagskaffien her. Inngangspengar: 100,- / Familie 200,- Alle er hjarteleg velkomne!

Les mer »
juni 2018

Opning av sommarsutstillinga

16. juniKl.12:00 - 14:00
Jølstramuseet, Håvardtunvegen 4
Vassenden, 6847

Opning av sommarsutstillinga Restauranten er open.

Les mer »

Sommarutstilling (torsdag, fredag, laurdag og søndag)

16. juniKl.14:00 - 9. septemberKl.19:00

Open restaurant. Torsdag, fredag, laurdag og søndag kl. 14:00 – 19:00.

Les mer »

Jonsokfeiring i Jølstramuseet

23. juniKl.19:00 - 24. juniKl.00:00

Servering av rømmegraut. Musikk og dans. Kl. 19:00 – 24:00

Les mer »
juli 2018

Sommarnatt på Jølster

5. juliKl.23:00 - 6. juliKl.02:00

Ein torsdagskveld i året syter Førdefestivalen for at Jølstramuseet vert ein magisk møtestad for musikk frå heile verda. På låven, i Strandstova, i Eldhuset og i det vakre tunet på museet kan du oppleve heilt akustiske, musikalske møte, tett på festivalartistar frå fleire verdshjørne. I år står desse på programmet: Sørsamiske Marja Mortensson, Daniel Lazar og Almir Meskovic frå Serbia og Bosnia Hercegovina, medlemmer i Fanfaraï Big Band med musikalske røter i Nord-Afrika og greske Dimitris Mystakidis, som har djupdykka…

Les mer »
+ Eksporter arrangementer