Julijølstramuseet

Velkomen til oss i Desember

Daniel Lazar - Førdefestivalen - jolstramuseet.no

Sommarnatt på Jølster

Støtte frå KMF

Viktig støtte frå Kulturminnefondet

17. mai på Jølstramuseet 2023 - kl. 13.00 - 18.00 Bestill bord og meny.

Feir 17. mai med oss på Jølstramuseet

Tom Erik Andersen - jolstramuseet.no

Sommarutstilling i låven • 1. juli – 27. august

Wayfaring Stranger - jolstramuseet.no

Wayfaring Stranger, kortversjon teater • 3. mai 2023

Jul og nyttår i Jølstramuseet

Vi ynskjer alle ei god og fredeleg jul og alt godt for det nye året 2023

Vi ynskjer alle våre gjester, samarbeidspartnarar og følgere ei riktig god og fredeleg jul og alt godt for det nye året 2023

Året 2022 har vore eit aktivt år her i Jølstramuseet. Vi opna opp søndagane i mars med utstillinga «Linjer og landskap» av kunstnaren Haldis Karlsen. I mars hadde vi også den gleda av å vere vertskap for rom for ord og Jølster litterære folkeakademi, med besøk av Hilde Hagerup og Klaus Hagerup med tema Minne om far og mor. Dette var eit godt besøkt arrangement. I april og mai hadde vi separatutstilling «Tida gjennom lys og fargar» med Elsa Norunn Håheim Nydal fra Jølster. Dette var ei godt besøkt utstilling.Utstillinga hennar var ei fin ramma rundt alle konfirmasjonene og andre selskap som var i Jølstramuseet.  Pinseafta opna vi utstillinga «Samtale gjennom fargar » med den den chilenske kunstnaren Marcelo Peralta Marinkovic, no busett i Spania. I april, mai og juni har det også vore mange små selskap.Vi opna opp for  sommaropen  restaurant og tun kvar dag fra 20.juni og fram til midten av september. Førdefestivalen sitt årlege arrangement Sommarnatt i Jølster 7.juli var endeleg på plass att, og dei akustiske og nære konsertane i stovene våre ga gode opplevingar til publikum. Jøran Flo var sommarutstillar i galleriet med utstillinga «Hav og bre og syndere i sommersol». Sesongen vart avslutta med konsert av rockepoeten Tom Roger Aadland 17.september. 18. og 19.november  arrangerte vi den årlege rakfiskkvelden 7.året på rad med fullt belegg.  Vidare har vi hatt god aktivitet knytta til julebord, både for private og bedrifter i desember.

Jølstramuseet er ei lita personleg bedrift. I tillegg til oss sjølv, har vi rekruttert tilsette fra lokalsamfunnet, og vi har hatt mange flotte ungdommar i arbeid i sesongen. Frode fiskar etter ørret  med botnegarn fra 15.april til 15.september. Takket vere alle dei grunneigarane som byr på seg sjølv og gir oss muligheit til å fiske, er ørreten fra Jølstravatnet ei råvare som vi no på 9.året serverer i restauranten.

Av andre lokale råvarer vi sel i restauranten har det vore kjekjøt fra Søgnesand, hjort fra Ytre Svidal jaktlag, fjordfe fra Grimsbø gard og kalvekjøtt fra Anderstunet i Sandalen.

Vi kjenner på takksemd og glede over å drifte Jølstramuseet. Det er kjekt for oss å få gode tilbakemeldingar og då særleg fra lokalbefolkningen, både privatpersoner og bedrifter. Støtta her er uvurderleg .

Vi takkar også for samarbeidet med medlemmane i Visit Jølster som vi har dialog og samarbeidd med. Vi har også blitt medlem av Visit Fjordkysten og Sunnfjord og er svært positiv og forventningsfull til aktivitetene og samarbeidet her.

Året 2023 er i startgropa. Vi har ein jobb å gjere med husa, samlinga og hagen. Strandstova skal få nytt tak og nytt golv. Kvaliteten på formidlinga av historie og utstillinga skal på sikt bli betre og hagen skal få eit betre år enn i 2022. I tillegg skal vi kunne yte service for gjestar som besøker oss.

Jul i Jølstramuseet - jolstramuseet.no

Heidi og Frode inviterer til julebord i november og desember

Rakfiskkveld Jølstramuseet - jolstramuseet.no

Smak av årets rakfisk frå Jølster • 18 og 19. november