Cohen, Dylan og Gud – Håvard og Simen Rem /Låven 4.mars kl. 19.00

 

– Han er som eit eventyr som aldri tek slutt. Eg opplevde som om han redda livet mitt som ung gut, fortel Håvard Rem om Leonard Cohen. Sidan har han omsett mange av Cohen sine songar til norsk. Også Bob Dylan sine. Laurdag 4.mars les, syng og fortel Håvard og Simen Rem om dei to songpoetane i konserten «Cohen, Dylan og Gud» på låven i Jølstramuseet.

-Då eg mista pappa tidleg i tenåra gjorde sorga meg sint og inneslutta. At eg møtte Leonard Cohen sine tekstar då, vart min medisin og mi rdning. Sidan har han vore som eit eventyr som aldri tek slutt, det berre varer og varer, berre veks og veks, fortel Håvard Rem.

Forfattaren har lenge vore oppteken av songlyrikken som ei verdig litterær form. At Bob Dylan no er heidra med Nobelprisen i litteratur er ei stadfesting på dette. Men Håvard Rem er også prislønt som songlyrikar : Spelemannsprisen for årets låt 1995 gjekk til «A kind of a christmascard.» Melodi: Morten Harket. Tekst : Håvard Rem.

I fjor kom endeleg Håvard si eigen plate. – Eg har veta på Simen, fortel han. Den 25 år gamle musikersonen har funne fram til faren sine tekstar på eigehand. – Pappa seier det som betyr noko, med få ord. Eg opplever tekstane hans som sanne, seier Simen.

-Plata » Hustavler» var haustens finaste musikalske oppdaging for meg, seier Janne-Karin Syøylen i Rom for Ord. Eg møtte Håvard i ein samtale på Jakob Sande løa kring teateret si framsyning «Juleevangeliet – Miriam si fortelling» som han har skrivi manus til. Men eg synest det var leit at ikkje vi publikum fekk høyre musikken hans. Vi la planar for eit nytt besøk, denne gongen ein konsert, forklarar ho.

Jølster bibliotek og Jølstramuseet er vertskap for konserten i samarbeid med Rom for Ord.

Velkomne

Billett kr. 250,-  Førehandsal på her