Tore Renberg

Ein kveld med Tore Renberg 28.oktober 2016

«Høyrt via venstre øyre, i kveld; «Eg visste ikkje heilt kva eg kunne forvente i kveld, og så fekk eg oppleve dette. Fantastisk!»

Jarle Klepp, Helge Ombo og Hillevågsgjengen. Tore Renberg skaper litterære figurarar som er lys levande på netthinna til lesarane. I haust er han aktuell med romanen “Du er så lys”, men også med albumet «Ingen nåde.»

”Du er så lys” er ei uvanleg bok om vanlege familiar, ei nervepirrande forteljing om alt vi ikkje ser, sjølv om det hender rett framfor oss. Denne romanen inneber også ein debut for den erfarne forfattaren: For første gong skriv han på nynorsk!

Tore Renberg er også ein god vokalist og ein sceneglad forteljar. Til Jølster kom han saman med Alexander Flotve på mandolin og gitar. I den særeigne atmosfæren på loftet i løa på Jølstramuseet vart dette eit nært og fint møte med Renberg, romanane og musikken hans.

Tusen takk for ein god og innhaldsrik jølsterkveld Tore Renberg og Aleksander Flotve.

Tusen takk til alle gjestane som kom og til Rom for Ord for desse flotte arrangementa dei har fått istand.

Du kan lese meir om Tore Renberg her

11225277_690430371130930_2264145970236115915_n

14910322_690430417797592_5304967091982751585_n

14910433_690430427797591_7497860814542687161_n