Inga Hjolhman – treskulpturar

Den svenske kunstnaren Inga Hjolman stillar ut noko av  sitt arbeid i kvar sundag i perioden 22.oktober til 26.november frå kl. 14:00 – 19:00.

Inga kjem frå Leksand kommune i Dalarne i Sverige . Ho arbeider med tre. Treet har former, bilete og skulpturar som veks fram.Ho skildrar rørsle og uttrykk. Ho går mot treet med omsorg – hoggar, skjer og formar. Ho føl treet sin historie.

Inga Hjolman er fasinert av tre og arbeidar ut frå ein spesiell trebit som vil noko eller seier henne noko. Dei ulike trea sitt særeigne språk i greinvinklar og årringar,minner om det livet vi menneska lever.

Utstillinga er ei salsutstilling. Du vil finne skulpturane i galleriet, fjøset og i trappeoppgongen.

Halvvegs kr. 12 000,-Reven kr. 6 000,- Fågelmannen kr. 4 000,-