Januar og februar i Jølstramuseet

I januar og februar er det stengt her i Jølstramuseet. Noko av tida blir brukt til ferie , der vi lader opp batteria med sol og varme. Høystålet ( galleriet) i låven får nytt golv og i Grindastova er dei no klar for å legge golvet.

Ellers blir det flikking, måling, vasking og førebuing til ein ny sesong her hos oss.

Ynskjer du å bestille selskap eller møtelokale kan du ta kontakt enten på epost : post@jolstramuseet.no eller ta ein telefon til Heidi på tlf. 971 40 975.

Vi vil også ha dagopent i påska.