Jubileumskonsert med Gamlebanken Spelemannslag 26.februar 2017 kl. 16:00

I denne konserten vert dei 10 siste åra til Gamlebanken Spelemannslag feira. Her spelar dei sine tøffaste slåttar i låven på Jølstramuseet. Dei har vunne Fylkeskappleik, Vestlandskappleik, Landskappleik, Landsfestival i gammaldansmusikk og Nordisk meisterskap i folkemusikk desse åra, og kan sjå tilbake på mange fine opplevingar med musikk og dans.

Gled deg til å komme på konsert med god musikk, humør og behageleg stemning.

Billettar får du kjøpt her eller i døra på låven. Konserten stratar kl.16:00 og varer rundt ein time.

 

Kjøkkenet på låven vil vere opent frå kl. 13:00 – 19:00. Her kan du få kjøpt middag, fastelavensbollar og drikke.  Sjå under fana mat og drikke / Kjøkkenet på låven. Ynskjer du å bestille bord ta kontakt på telefon 971  40 975 .

 

Gamlebanken-1