Juleutstilling / Juleutsal frå 18.november til 16. desember

Keramiker Lillian Vedvik, opprinneleg frå Høyanger men busett i Fredrikstad kjem tilbake til Jølstramuseet .

Lillian sine keramiske uttrykk kjem til uttrykk gjennom røffe og grove veggfat til detaljerte skulpturar, der ein nesten kan oppleve å få augekontakt. Ho er ein typisk frihandskunstnar, som sjeldan nyttar mekaniske hjelpemiddel for å produsere. Ho let seg inspirere, og har stor respekt for gode utøvarar av klassisk figurativ kunst. Ho har vore etablert i Gamlebyen i Fredrikstad med sin eigen verkstad og galleri sidan 2004.Lillian stilte ut her i Jølstramuseet hausten 2014 saman med 5 andre kvinner frå gamle Fredrikstad.

https://www.firda.no/nyhende/populare-kvinner/s/1-51-7557903

 

Vi set stor pris på at ho kjem tilbake til oss.

Ho tek med seg bilete frå kunstnarane

Aslaug Storum  https://www.facebook.com/aslaugstorum/

Jette van der Lende   https://www.jette.gallery

Jadwiga Kielland  http://www.jadwiga-kielland.com