Litterær laurdag på Jølstramuseet

19. juni kl. 13.00 – 17.00

Litterær laurdag på Jølstramuseet - jolstramuseet.no

Det er avgrensa plass til publikum innanfor gjeldande reglar for smittevern. Dersom vêret tillet det, vil delar av programmet vere utandørs. Ein kan velje om ein vil kjøpe billett til heile arrangementet eller til éin av dei tre programbolkane.

Programmet vert arrangert i samarbeid med Rom for ord og Jølster litterære folkeakademi, med støtte frå Vestland fylkeskommune og Norsk kulturråd.

Kl. 13.00

Velkommen ved Terje Lyngstad

Tone E. Solheim og Connie Hamre i samtale.

Pause med matsal og signering

Kl. 14.30

Bokpresentasjon og lesingar

Sivert N. Nesbø

Marianne Clementine Håheim

Pause med matsal og signering

Kl. 16.00

Bokpresentasjon og lesingar ved

Marit O. Kaldhol

Katrine Sele

Kl. 17.00 –  slutt

Gjennom tre programbolkar mønstrarar vi fem aktuelle forfattarar denne ettermiddagen. I låven serverer vertskapet både salt og søtt mellom bokpresentasjonane, og forfattarane signerer bøkene sine for sal. Terje Lyngstad vil leie oss gjennom dagen og introdusere forfattarane for publikum.

Først ut er debutant Tone E. Solheim frå Jølster. Ungdomsromanen «Svarttrasta syng i natta» er ei kraftfull og energisk forteljing om kjærleik og sakn, men også om eigenverd og sjølvrespekt. På Jølstramuseet møter forfattaren sin tidlegare norsklærar Connie Hamre til samtale.

Sivert N. Nesbø er aktuell med sin fjerde roman denne våren. I «Varme og vatn» fylgjer vi fjorten år gamle Lars nokre veker på seinsommaren. Her stadfestar forfattaren sin litterære eigenart til varm mottaking frå kritikarane. I Stavanger Aftenblad omtalte Jan Askelund boka slik: – Og likevel skjer alt, heilt utan faktar, i ein gut som aleine freistar orientera seg i eigen kropp og eige sinn, på søk etter forståing og aksept mellom jamaldringar og vaksne, i dei kjærlege hendene på ein forfattar som sjølv er trygg i sitt vestlandske språktilfang, også denne gongen med gåtefulle vriar mot slutten.

–Eg skal flytte heim for å ta over garden, ikkje fordi eg vil, men fordi eg føler at eg burde ville. I sin første roman «Plikt» utforskar Marianne Clementine Håheim odelsretten som lagnad i livet. Då faren plutseleg døyr, vel den unge mannen å flytte heim til garden han vaks opp på. Han tar på seg arbeidskleda som faren pleidde bruke, og blir sauebonde. «Plikt» er ei gripande forteljing om kva det vil seie å drive ein liten gard i vår tid, om nærleiken til dyr og natur, og om det å høyre til i ein tradisjon.

Alle forteljingane i Marit O. Kaldhol si nye novellesamling «enno var dei kroppar» tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt. Mange av desse menneska lever under harde kår. Nokre er komne fram dit dei skal, andre kjem ikkje vidare. Gjennom brutalitet og svik, men òg med omsorg og strimer av håp, blir vi vitne til korleis livet fortonar seg for millionar av menneske verda over.

I «Einars bok» fortel Katrine Sele ei historie om korleis det er å bere eit barn gjennom det aller vanskelegaste. Det handlar om korleis vi møter døden, men også om dyrebare dagar og alt det uendeleg fine eit liv på fire og eit halvt år og éin dag kan innehalde. Stemmene til dei som kjente Einar, blandar seg med stemmene til blant andre Seneca, Joan Didion, Roland Barthes og mange fleire i ei rekkje refleksjonar over kva det vil seie å elske og miste.