Mattis Kleppen – Bassgitar Søndag 25.februar kl. 20.00 i låven

Som vertskap for FolkJazzscena i regi av Førdefestivalen gleder vi oss til å høyre

Mattis Kleppen – Bassgitar 

Kafeen open frå kl. 19:00

Konserten startar kl. 20:00

Vaksne 240 / BOB-medl. 190 / Frivillige 160 / Born 50  Billettsal på TicketCo – og ved inngang.

M’balax frå Senegal, slåttemusikk frå Telemark og bluesmusikk – hand i hand på bassgitar

Mattis Kleppen spelar slåttemusikk frå Telemark, M´balax musikk frå Senegal og bluesmusikk – solo på bassgitaren sin. Musikken let både vàr og utagerande, heftig og inkluderande. Kleppen set ulike musikksjangrar saman til ein spennande gumbo, noko som kjem til uttrykk på dei tre kritikarroste platene: “Mattis Kleppen & Resjemheia”, “El Bokko”, og den nyaste, “Bassgitar”. Mattis Kleppen har utøvande doktorgrad frå jazzlinja på NTNU, og har spelt og turnert i 25 land i løpet av sin 30 år lange karriere. Han har spelt med band og musikarar som Cucumber, Live Maria Roggen, African Pepperbirds, Bengalo, Solo Cissokho, Chick Corea, Transjoik, Sharaka Ensemble og hans eige soloprosjekt, Resjemheia.

Musikksjangrane, som er knytta til veldig ulike stadar i verda, går hand i hand og nokre gonger er det nesten som vi er alle stadar på ein gong. Historier frå reiser, i tillegg til segn om låtar og slåttar bind konserten saman og gjer verda litt mindre. I tillegg til dei nemnde tre platene i eige namn, har Mattis Kleppen spelt på rundt 30 plater med andre artistar.

Lytt på Spotify: Lea deg gamle Ola

Omtale – en bass og hans mann

Konserten på facebook

Neste konsert på FolkJazzScena:

Hazelius Hedin på LARRIS SCENE torsdag 22. mars.