Museum

Idèen og tanken bak Jølstramuseet kom allereie i 1921.
Bestefar Eivind Fossheim hadde ei sterk interesse for historie, bruksgjenstandar og byggeskikk frå Jølster. Han ynskte å skape eit bygdemuseum, der gjenstandar og hus frå Jølster skulle samlast og visast fram for etterkommarane. Han formidla at det var viktig at etterkommarane kunne få sjå korleis forfedrane måtte slite og arbeide for å halde seg og sine i live. Han og bestemor mi Borghild, brukte mykje tid og kreftar her. Familien var alltid velkomen hit, vi hadde alltid ein stad å sove, fekk god mat og hadde innhaldsrike og spennande dagar her.

I 1978 tok far min, Eivind Fossheim over eigendomen, satte husa istand og opna tunet for alle. Han og sambuar Anna- Marie utvikla drifta vidare med kunstgalleri , fiskeguiding og hadde sommaropent her kvart år.

I 2006 overtok eg og mannen min Frode Jølstramuseet og har utvikla dette sakte og sikkert mot der vi er idag. Vi bur i tunet og likar oss godt under Jølstrahimmelen .

Målet vårt er å halde hus og samlingar vedlike og ha det opent slik at flest muleg får både sjå og oppleve historia frå Jølster si fortid. Vi ynskjer eit aktivt tun, der det er lys i husa , alle som ynskjer det kan kome på besøk og set att sine fotspor her.

Heidi