Om oss

Årdal, Heidi215-02

Eivind sen. og Borghild

pappa1

Eivind jr. og Anna-Marie

frode og heidi

Heidi og Frode

I 1921 overtok bestefar eit område av farsgarden og bestemte seg for å skape eit bygdemuseum med gamle hus og bruksgjenstandar hovudsakleg frå Jølster. Det skulle også vere ein stad der familie og vener alltid skulle vere velkomne. I 1965 stod det 11 hus på eigedomen. Til saman var det samla om lag 1200 gjenstandar.

Far min, Eivind Fossheim d.y., tok arven vidare. Han tok vare på husa, kjøpte Låven av Eldgrim Fossheim, og opna Jølstramuseet for folket i 1987.
Naturhagen har vore, og er, ein viktig del av far si interesse. Saman med det rike fuglelivet skapar dette ein unik oase i sentrum av Vassenden. Seinare har far, saman med Anna Marie, utvikla kunstgalleri på låven og Norsk fiskesenter

Eg og Frode overtok Jølstramuseet i 2006. Gjennom dei siste åra har vi lagt til rette for selskap og ulike arrangement. Vi opna kunstkafè i samband med sommarutstillinga i 2014. Vårt vidare ynskje er å skape eit levande tun gjennom heile året, for familie,vener, lokalbefolkninga og turistane.