Eivind Fossheim:Jølstraåkle, eit prydteppe til kvardag og fest.
Denne saka er skreven med stønad frå Norsk Faglitterære Forfatterforening, der Fossheim er medlem.

Jenta i Jølster vov sitt eige brureåkle. Det hadde ho og kjærasten under seg på si ferd til kyrkja, på kyrkjebenken og på bruresenga etterpå.
Kristnaåkle
Åkle betyr eit teppe til å ha ovanpå. Først og fremst vart det brukt som sengeteppe. Når barnet skulle døypast, vart det reiva og tylla inn i eit lite kristnaåkle, som sidan vart brukt over ungen i vogga.I Jølstramuseet har vi eit slikt svært gamalt kristnaåkle med kvite krossar.
Det var ein kunst å pakke inn dåpsbarnet. Det skulle ha det varmt og trygt heile vegen til kyrkje og heim att.
Barnet måtte ikkje fryse, men heller ikkje kvelast i alle plagga det var pakka inn i. Likevel hende det at ein reiva unge på dåpsferda frå ei grend inst i Jølster var kvelt då følgjet kom fram til kyrkja i Helgheim.
Veggpryd
Dei vakraste og mest forseggjorde roseåkla vart hengd opp som veggpryd ved festlege høve. I måleria til Nikolai Astrup finn vi åkle både som duk og golvteppe, men åkle vart aldri brukt på denne måten korkje i heimen hans på Sandalstrand eller på andre gardar i Jølster.

Åkle har heller aldri vore brukt som golvteppe i bygda. For å tene pengar til utdanning for Nikolai Astrup og dei andre sønene sine, vov prestefrua Petra Astrup nokre store teppe med mønster av åttebladroser med grå botnfarge som ho selde til bergensarar til bruk på golvet i bystovene deira. Lensmannskona Katinka Lind og ternene hennar i vevstova på Ålhus, braut med åkletradisjonene då ho i 1920-åra vov nokre kjempestore teppe til bruk på stovegolv og i sofaer på Austlandet.Dei fleste av desse teppene hadde tradisjonelle mønstre, men andre fargar enn dei vanlege bygdeåkla.
Hestedekke
Når åkleet var utslete, vart det brukt som hestedekke eller lagt i senga under ullkvetelen nærmast sengehalmen. Audhild Viken minnest godt hestane, der dei sto bundne på rekkje og rad utanfor kyrkjemuren med alle sine fargerike åkle over seg som skydd mot vinterkulda under den dryge gudstenesta til presten på søndagane.
Jølstra-åkle er eit unikt teppe.
Det er ei klar skilnad i åklea frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Så snart ein kryssar dei gamle fogderigrensene, ser ein klare endringar i både mønster og fargar. Når folk utafor fylket framleis snakkar om Jølster i Sogn, har vi ein sterk mistanke om at det har vore mykje rot i registreringa av slike åkle. Det er truleg grunnen til at Ålhus-teppet frå Jølster feilaktig kallast for Sogneåkle i den registrerte samlinga ved Historisk Museum i Bergen.
Rosåkle og randåkle
I Jølster var det frå gammalt av to slags åkle. Roseåkleet, smettåkle eller ruteåkle vart laga med fint spunne, farga ullgarn i ulike mønstre,medan randåkleet vart vove med ein spesiell fjølrøysteknikk som opphaveleg vart brukt berre i Jølster og nokre andre få stader i landet.

Tekstilkunstnaren Marit Wang bestemte utviklinga av ruteåkla etter karakteren.Ho meinte ornamenta kom til seinare. Derimot må tepper med oppsettingskant frå oppstadvev være dei tidlegaste. Åkle som viser ein heilskaplig komposisjon og ornamenter med utbytting av lange fargeskift langs renninga, er ut frå ein subjektiv estetisk vurdering, eldre enn tepper som framstår som “oppløyste bisarre åkle”. Tepper med motiv som er gått over til å verte reint dekorative, ” en konvensjonalisert dekor”, av nyare dato.
Åttebladrose-åkla dei eldste i Jølster
Åttebladrose-åkla var dei eldste i Jølster. Dei første kom inn i bygda på 1700-talet med kramkarar frå Hardanger. Difor vart dei kalla Hardanger-åkle, og det fins framleis to av dei på to av dei eldste gardane i bygda.

Andrea Sandnes ( fødd 1860) fortalte at både hennar mor og mormor visste om hardingane som for gjennom bygda på vinterstid med sleden full av åkle dei selde for fire dalar. Det var og mormor til Andrea Sandnes som først kopierte hardangeråkla og tok til med smettvev. Om desse teppene verkeleg var laga i Hardanger, eller berre vart kalla hardangeråkle fordi det var hardingar som selde dei, veit vi ikkje. Spørsmålet er kor lenge ruteåkla har vore vevd i Jølster, og førebels er det Klosters teori som står fast.

Sidan åkla skulle brukast på sengene, var dei nokonlunde tilpassa dei med ei breidde på 125-155 cm og ei lengde på 150-190 cm.
Kombinasjonen av mønster og fargar finn du berre i Jølstra-åkle
Roseåkle vart vove i eit område som strakk seg frå Sunnmøre i nord til Mandal og Sætesdal i sør. Ruteåkle som finnes andre stader, stammer frå Vestlandet.
Eit rosåkle eller ruteåkle kan ha ei mengde ulike symbol. Nokre av dei finn vi att i vår eigen treskurd, men mange av mønstera i dei gamle Jølster-åkla har truleg “vandra” hit eller henta av heim jølstringar på reise i andre land og verdsdelar. Fleire av roseåkla har ein kombinasjon av mønster og farger som vi finn berre i Jølster. Kryssar vi grensa mot andre bygder i Sunnfjord, mot Nordfjord og Sogn, finn vi ein helt annan bruk av mønster og fargar.

Berre ein stad på mine mange reiser har eg funne noko som liknar kombinasjonen av design og fargar i dei typiske jølsteråkla. Det var på ei mosaikk-søyle i Taj Mahal, det verdskjente mausoleum i Agra i India.
Har jølstringane vore der og?
I ei av vikingegravene i bygda vår fann vi ei kvinnespenne i bronse pynta med perler frå ein stad i Skotland, og i samlinga i Jølstramuseet har vi fleire historiske ting som må være henta langvegsfrå. Det er derfor ikkje usannsynleg at fleire av mønstra i jølstra-åklene har vore tatt med heim av jølstringar på reise.
Åttebladrose
Åttebladrosa var det einaste og eldste ruteåkleet som var felles for alle vestlandsbygdene. Dei var strenge og regelmessige i teikninga, hadde ein mykje avgrensa fargeskala, og var særs bleike i fargane. De var feilfrie, omhyggeleg vove med finare garn enn åkle flest og med enkeltslyng slik at framsida og baksida vart like. Dei eldste stammer fra 1700-talet, men kanskje var dei endå eldre.

Av åttebladrose-åkler fins to typar. Den verkelege åttebladrosa har midtpunkt i form av en kross, medan midtpunktet i den andre er ei rombe, eller ei stjerne i firpass. Åttebladrosa brakte lykke. Dess fleire stjerner dess meir lykke. Stjerner ga fruktbarheit, overflod og framgang. Åttebladrosa vart også kalla for dobbel marekors og brukt som eit vern mot mara. Folk innbilte seg at eit vesen la seg over dei mens dei sov, og fekk ein kjensle over å bli kvelt. Dei hadde mareritt. Mara var ei slags heks.
Hodnerose
Eit kvadrat delt i fire ruter med hjørne (hodn) som stikk ut.
Kollerose
Kollerose består av fire ruter plassert rundt ei femte rute i sentrum. Den er som ei kollete kyr utan horn.
Nikross
Krossen finn ein som symbol overalt og med mange tolkingar. Det er først og fremst eit kristent symbol, men og eit av dei eldste magiske teikna i verda på velstand og liv. Den ga eit gudommelig vern mot alt vondt.
Samrose
Samrosemønsteret er og svært gamalt. Frå Finland kjenner vi slike tepper frå 1712.
Hakekross
Hakekrossen er et symbol som går attende til minst 10000 år f.Kr. Den vert tolka på så mange slags vis. Mange meiner den står for sola, for livshjulet, for dei fire årstidene og for skapande krefter. Hakekrossen finns i mange variantar, både med armane med sola og mot sola. Hakekrossen vart kalla Svastika, som tyder hell, lykke og suksess. Men som Hitlers merke, vart hakekrossen ei ulykke både for tyskarane og for dei millioner av menneske som vart drepne, såra og underkua under den siste verdskrigen.
Valknuten
Valknuten har ei mengde ulike tydingar. Mange meiner den er knytt til mytologien kring Odin. Knuten kan ha ein samanheng med tråden som eit bilete på livsens tråd og gjenføding. Knutens eigenskapar er å halde fast, kontrollere og løyse opp. Med den kunne ein binde eller sleppe laus dei kreftene ein ynskte. Utformingane av valknuten er mange. Trekantvalknuten er kanskje den opphavelege. Valknuten kan ha både runde og firekanta hjørne. Og det finns doble valknutar. Alle er sterke verneteikn og må teiknast i eitt, slik at ikkje vonde makter kan trengje inn i knuten. Valknuten finn ein ofte på gåver til kjærasten som eit teikn på elskhug og fruktbarheit.
Fargane
Fargane i Jølster-åkla er sterke og kraftige. Dei eldste hadde ”vestlandsfargane” raudt, gult, sauesvart, sauekvitt og blått. Dei brukte naturlege fargestoff frå planter og dyr. Sidan vi i heimane i Jølster hadde utruledg lite av rosemålte ting , måleri og andre fargeklattar, let dei fargegleda si og sin kunstnariske sans utfolde seg i vevstolen, i utforminga av sine kle og i form av sin rike karveskurd.

Mange av åklea minner mykje om teppe i Sameland og blant indianarane. Då Audhild Viken og Aud Sunde ein sommardag sto på torget i Stavanger og selde sine Jølster-tepper, fekk dei besøk av nokre nyfikne indianarar.
– Her føler vi oss heime, sa dei, der dei vandra strålande av glede langs rekkja av dei fargerike jølsteråkla.

Fargen i dei eldste roseteppene hadde alltid ein raudfiolett farge. Den kom frå korkje og vart ei tid eksportert til England under namnet Norway rock moose. Korkjen hadde lett for å falme og vart etter kvart erstatta av krapp.

I tillegg brukte dei eingulfarge laga av jamnegras, av barken på surepletre, bjørkelauv, blomsten av hundekjeks eller rota av rabarbra.

Blått kunne ein få av vaidplanta. Den fann dei i Osebergskipet (840 e.Kr) og vart dyrka i Lærdal og Borgund heilt fram til 1939.

Blått kom frå indigo, som var dyrka i India. Ein blanding av vaid og indigo gjorde blåfargen ekstra varig.Mykje av blåfargen i gamle teppe frå Jølster vart laga av indigo og urin. Urinen skulle helst være frå mannfolk,og helst frå dei som drakk mykje brennevin!

Svart var vanskeleg å farge. Mange prøvde seg med jarnspon blanda med orebork, men mest vanleg var det nok å bruke naturleg svart saueull.

I Jølster brukte dei en fjerde farge som var brun, blå eller grøn. Grønt vart ikkje brukt i jølstraåkle frå gamalt av.
Svart vart grønt om det var farga med svorte.

Grønt, brunt og branngult dukka opp først då dei kjemiske pakkefargane vart teke i bruk frå 1856. Den første var fiolett. I 1890 vart det laga syntetisk indigo og frå denne tid vart dei kjemiske fargane dominerande.

Som raudt fargestoff vart brukt krapp eller maure, og elles gult, kvitt, svart og blått. I sogneteppene var raudfargen meir mursteinsraud enn hardangerteppenes brunraude farge. Sogneteppene hadde dessutan meir blått enn hardangerteppene. Sjeldan grønt.
Randåkle
Randåkle er samansette av render på tvers av heile teppet. Med enkel eller dobbel lansert bord, rosebragd eller rips med einsfarga felt mellom. Randåkla var langt meir eit bruksåkle og er dermed truleg langt eldre enn rose- og ruteåkla. Randåkla er enklare å veve, men fargane og heilskapen av teppene varierar frå distrikt til distrikt.

Dei eldste randåkla har saum på midten med ei utprega vrangside. Seinare vart randåkle vovne i breiare vevstolar – utan midtsaum og vrangside.

Typisk for Jølster er spilåkle, fjølåkle eller fjølrøys. Dei er i ripsteknikk, men med ei ekstra spil bak skafta i veven. Eit randåkle frå Jølster har “snaretenningea” eller ”kjerringtenner” ( ein tråd av kvar farge) , ” søgnegjær” (To tråder og så ein tråd) og “skjortebandsrand”, som er det same som “H-rand”.
Fjølrøys
I dag vev ein fjølrøys med hovler og fire skaft, men i ein toskaftsvev må veverska ha hjelp. For å få skilt varpet, og dermed lage ekstra skil, brukar vi ei fjøl like lang som veven er brei. Den er 8-10 cm høg og tjukkare nede for å kunne stå. Fjøla sette dei inn bak skafta, og så trædde dei tre trådar opp og tre trådar ned.

Mor til Audhild Viken, Olina Fossheim, lærde å hovle etter ei oppskrift på husmorskulen i Kroken i Sogn. Audhild Vikens bestemor fortalde at da ho var lita jente, var ho lei av å stå og reise fjøla når besta vov.

Jentene vart tidleg sett i vevstolen og lærde seg handverket av sine mødre og bestemødre.
FJØLRØYS
(tegning)
“Øpst, nærmaste øpst – og Øpst framst, nærmaste framst og framst.”
1-3
2
5

4 6
Denne regelen som dei brukte når dei hovla for fjølrøys, lærde Audhild Viken av bestemor Johanne Hegrenes Fossheim ( f. 1856 på Ålhus), som igjen hadde den frå si mor Elisabeth Mosesdotter Øvrebø ( f. 1812).

Ruteåkle får sitt særpreg ved måten mønsteret veves på og
som gir det sitt spesielle geometriske utsjåande. Innslagstrådene går horisontalt i ein toskaftsbinding og renninga blir oftast
heilt dekka av innslaget.Veksling i fargane på innslagstrådane gjev mønsteret. Trådane ordnast logisk etter kvarandre.

– Du trengde ikkje tenkje, men måtte være forferdeleg flittig,lik ei maskin, sa Magnhild Hegheim.
Fargeskiftet skjer i same skil og lengderetningen på teppet vert understreka. Overgongen ved fargeskiftet kan skje på fleire måtar. Ved enkeltslyng
slynges innslagstrådene berre i kvarandre den eine vegen. Teppet vert likt på begge sider. Fargeoveregongen vert glatt.

Ved dobbeltslyng slynges innslagstrådane i kvarandre med fargeskiftet både når vi legg frå høgre mot venstre og frå venstre mot høgre. Denne framgangsmåten gjev ei knuterekke langsmed renninga i fargeskiftet som viser seg på vranga,mens rettsida blir glatt.

Kvinnene i Jølster meiner at enkeltslyng er eldre enn dobbeltslyng. Teknikken med å få smetteteppene like på begge sider, var gått av bruk tidleg på 1800-tallet. Både Magnhild
Hegheim og Audhild Viken meiner at randåkle var meir alminneleg.

Audhild si oldemor, Elisabeth Mosesdatter, fødd Øvrebø, vov på flatvev. Med dobbeltgogn, som vi kallar ein vevstol av dobbel breidde her i Jølster, kunne ho veve utan skøyt, og mange kom til henne for å veve randåkle og smettåkle.

Magnhild Hegheim si farmor, Nikoline Øvrebø (fødd 1853) hadde
randåkle som brureåkle med fjølrøys då ho gifta seg i 1875. Randåkle, men då med grønt i, hadde og dei eldste døtrene hennes som brureåkle. Den nest eldste, Olina Êrdal, sto brur i 1899.

Motiva er enkle og tradisjonelle. Viktig for historia vår nettopp det som hende frå 1880-åra og utover for å vidareutvikle dei opphavelege motiva. Forutan åttebladrosa,
hadde vi i Jølster honnrosa med si rombiske form som ei sirupsnipp , skakkerosa og samrosa, blarosan og nikrosrosa (kolverosa).

Når kollerose settes saman med honnrose i en heilheitlig komposisjon, får vi førsrose, oppkalt etter Førde i Jølster.
Ser vi nøye på kolverosa, oppdagar vi at ho er sett saman av fem små honnroser. I eit samroseåkle går samme motiv att over heile teppet. Klomønster er eit korsmønster og det einaste motiv som ikkje har noko med rose å gjære. Det kallast og Olavsøks og med ni krossar heiter det nikross-rose.Foten på teppet viser kor det er laga
Motiva er felles for heile Vestlandet. – Det er foten på teppet som viser kvar det er vove i distriktet. Som i randåkla er det snaretenning, søgnegjær og hårand som utgjær bordene,pluss en liten smettbord i øvste kanten eller i begge endene. Men bordene finnes berre i endene av teppet, aldri blanda inn i motiv.

Men kva er så opp og ned på eit åkle? Jau, den kortaste foten er den finaste enden. Den skal ligge nærmast puta i senga og heng øvst på veggen.

Mange av dei gamle komponerte mønstra er tatt vare på sjølv om dei ikkje lenger finst i Jølster.
Kathinka Lind var fortvila over alle oppkjøparane som for over bygda og raska med seg det de fikk tak i av gamle åkle. Ho gjekk med på ei avtale med oppkjøparane om å få teikna av mønstra før dei drog sin veg. Mønstra fekk sine namn etter garden dei var kjøpt på.
I motiv og teknikk ligg en sterk avgrensing. Det er fargene som gjer utslaget.
Jølstraåklene har gilde fargar. Dei er dei same som elles på Nordvestlandet, svart, kvitt, rødt og gult. Dessutan brukte
dei også litt blått. Rødt var vanleg, blått var potteblått. Gult kom frå lauv og lilla og rosa frå cochenille. Olina Fossheim
sleit fælt for å finne fram til ein lilla farge som ho hadde sett i eit teppe som vart funnet i snømassane då Heggheim ble
ramma av skred i 1868.
Vevstolen/gogna
Den horisontale vevstolen er langt nyare enn den opprettståande oppstadveven. Den ble etter kvart fortrengt av flatveven, men er framleis i bruk hos samene. På Vestlandet var oppstadveven i bruk utover 1800-tallet, og Marta Hoffmann, som har forska på vevstolar, meiner at grunnen var at den vart brukt til å lage åkle i.
Eit åkle laga i oppstadvev, har tre jarer. Den tredje kjem frå oppsetjingskanten. Eit band vove med brikke- eller bandgrind, vart laga så langt som åkleet skulle være breitt, og vart sydd på den øvste bommen i oppstadveven. Islettrådane hang ned og vart nytta som renningstråd i sjølve kleet.
Kjerstina Hauglum i Sogn, som vov billedtepper, skildra oppstadveven for Randi Blehr i 1888. Tre til fire vaksne eller
fem til seks barn, kan veve i den samtidig. Den tar liten plass, står opp mot ein vegg og er tre- fire alen (180-240 cm)
lang og omtrent like høg.
I gamle dagar vart det vove ovanfrå
og ned, men det var tungt å slå sammen. Difor hadde Kjerstina funne opp ein ny måte, slik at ho kunne veve nedanfrå
og oppover, sa ho.

Ull var ikkje sterkt nok til åklerenning. Derfor ble lin brukt før bomull ble vanleg. Ulempen med lin er at renninga lett strekker seg under smettinga og forblir strokken
etterpå.
– På oppstadveven gikk det bra fordi klåsteinane strakk renningen. Ved å bruke en våt klut på baksida av en linrenning, går det også bra. Da trekker trådane seg sammen
igjen. En annen fordel med oppstadveven , var at den tok liten plass. De gamle flatvevene var store og tunge.
I nokre teppe finn ein dyrehår frå kyr og hest sammen med saueulla i innslagsgarnet. Teppet vert stivare og stikkete.
Jølster
Jølster var lenge en isolert bygd. Gardane var små. Næringsgrunnlaget karrig. I gode år var avlingane av havre, bygg og poteter tilstrekkelege til at dei betale skattar og avgifter. Dei hadde lite av kjøtt, men av handelskarer kjøpte dei kveg som vart ført over fjellet til Christiania eller til Bergen. Etter at dampskipstrafikken tok til på Sognefjorden i 1850-årene var det lettare å kome til Bergen, der de kunne bytte ost, smør og talg med salt, jern, lin, tobakk, brennevin og kanskje kaffi.

Jølstringar veit korleis forfedrane budde. Framleis er mange sperrestover i bruk, men då utstyrt etter dagens behov .I gammal tid hadde stovene røykomn og ljore i taket. Dei hadde langbord og benker og senger i stova. I koven innafor sperrestova, heldt kårfolket til. Dei var ei god forsikring for ungane, som sov på kovelemmen over dei. Vart ungane sjuke eller det tok til å brenne, var besta og besten alltid i nærheten. Dei passa og på at ungane kom seg i seng til rimeleg tid. Bonden og kona hans hadde nok å gjere med gardsdrifta. Når ungane vaks til, vart det lettare. Dei eldste passa dei yngste, men det vart fleire munnar og mette.

Enten stova var stor eller lita, var det her dei sov, åt og heldt på med innearbeidet. Rokken sto i stova, men vevstolen sto inne
berre i den tida dei vov. Rokken og ullkorga tok dei ut av stova kvar laurdag. I stova vart garnet spunne og renninga måtte være ferdig før jul. Gardane kappes om å få veven inn i stova over nyttår og snarast råd ut att utpå ettervinteren.
– Dei var sværast, dei som gjorde unna vevinga raskt, sa Magnhild Hegheim. -Ei god gardkone var rask og flink og sette strenge krav til skikkeleg arbeid.
Sengeteppet
Utstyr til ei seng var det minste jenta skulle ha med seg når ho forlet heimen – dessutan gangklær og elles kva ho og mora hadde hatt tid og råd til å legge til sides i utstyrskista. Den trekvite kista, med flatt lokk og pryda med
karveskurd, vart enten laga av ein dyktig handverker i bygda, av far til jenta, eller så drog faren til Bergen og kjøpte ei rosemåla kiste med bua lokk som han fikk dekorert med initialane til jenta og årstalet ho sto brur.

Over halmen i senga låg det ofte eit utslete åkle,ein “halmkvetel” eller eit ”larkåkle”, som ble dytta godt ned ved kantene. Dei tunge og stive halmteppene var vove med hamprenning og garn av oppkara filler eller nauthår, karda sammen med ull. Halmen vart skifta fleire gonger i året – og i alle fall til jul. Som laken vart brukt ein “undekvetel”, eit tunt ullteppe med mørke render.

Langputa vart kalla kodde eller høyende, og var fylt med halm, hår eller småklipte filler. Baksida av koddeværet
(putetrekket) var av lin eller bomull, oversida vove som eit mini-randåkle i to- eller firskaft.
Som overside av putetrekk vart ofte brukt eit draktforkle som var lurvete i kantane og ikkje lenger pent nok til drakta.

Nærmast kroppen hadde sengefolket over seg ein “nærmaste kvetel” av rein ull, mjuk og fin, med ruter eller render, ofte i
kvitt, sauesvart eller mosebrunt. Over den igjen låg ei rye med
napp av tvinna ullgarn eller ei blanding av ullgarn og alle slags filler. Øvst låg så åkleet, vove av farga garn, med
ruter og render. Noen brukte innslag av brennenesle, men desse åklea var sjeldan å sjå. Dei var ikkje fine nok til å vise fram.

Ei oppreidd seng med eit fargerikt randåkle eller roseåkle og ein like dekorativ høyende som stakk fram under åklekanten, var det finaste av alt utstyret i den gamle røykstova i Jølster for hundre år sidan.
Vi oppdager folkekunsten.
Å veve var ein ting, men å finne nokon som ville kjøpe teppene , var like viktig.
Difor må vi fortelje litt om Randi Blehr som sterkt bidro til å ta vare på og spreia kunnskapane om bilde- og åkleveving i Sogn og Fjordane. Men først litt om kvifor det nettopp på denne tida , for rundt hundre år sidan, vart mogleg å finne kjøparar til norsk bondekunst.

Når åkleveving vart rekna som folkekunst, var det fordi dei kunsthistoriske musea skilte mellom ein akseptert høgare kunst “akademikunst” og den kunstnariske utfolding innanfor bondekulturen, som vart sett på med litt nedlatande auge. Omgrepet folkekunst er internasjonalt. Interessa for henne tok til tidleg på 1800-tallet. Nye kunnskapar om fortida påverka kultursynet. Frå oldtidsforskninga retta blikket seg mot bondesamfunnet og den kulturen som utfolda seg der. Det vart viktig å ta vare på den nasjonale arven, slik den viste seg i folkekunsten. Dermed vart og dei kulturhistoriske musea født.

Kunstindustrimuseet i Christiania vart oppretta i 1876, i Bergen 1887 og i Trondheim 1893. Deira første oppgåve var å bevare og utvikle de “Rester af Norges egen Folkeindustri, der nedarvet fra Fædrene og paatrykt vor Nationalitets eiendommelige Stempel, endu bevares i vore Dale”. Desse restane av folkeindustrien besto av sølv- og treskjærararbeid,
broderier og tepper, som vart innkjøpt og utgjorde den første industrihistoriske samling i museet. Den var meint å gjære folk kvalitetsbevisste og bygge opp ein god smak hos så vel produsenter som kjøparar, som en motvekt mot industrialiseringa sin billege krimskrams.

For å hjelpe husflidprodusentane, vart det gitt ut mønstersamlingar, og den første inneheldt 20 fotografiske plansjer av broderier, sølvsmedarbeid og utskorne øskjer, ei tine og ei kanne. Fotografia var skarpe, små detaljer kom fint fram, og på kvar av dei var det til og med lagt inn eit centimetermål til hjelp for dei som ville kopiere gjenstandane.

I 1889 fekk vi boka om “Gamle norske Tæpper”, skreve av H. Grosch, trykt i Berlin med norsk, tysk og engelsk tekst. For å få fram fargene i teppene, vart nytta fargelitografi, og plansjar frå boka fann og vegen til Jølster…

Ansvaret for husfliden hadde statsforvaltninga gitt Kunstindustrimuseet,for å redde stumpane og utvkle vidare “svake, men levedyktige spirer”. Museet fant det snart nødvendig å skille ut “nyttehusfliden” og tok nitiativet til å stifte organisasjonar til å ta seg av den, som Norsk Husflids Bolag (1886)og Foreningen for National Textil Kunstflid (1889). Dessutan gjekk ei rekke interesserte privatpersonar saman i Norsk Husflids venner (1887). Desse tre foreiningar gjekk så i 1891 saman i Den norske Husflidsforening, som sidan hadde eit svært nært samarbeid med Kunstindustrimuseet.

Formålet var “at fremme den norske Husflid ved at virke til dens Forædling samt ved at vække Interessen for dens
Frembringelser, sprede disse i videre Kredse og skaffe lønnende Afsætning for dem”.

Lensmannsfrua Kathinka Lind i Jølster var knytta til Husflidsforeningen i all si tid, helt frå starten i 1891. Nå var det blitt moderne å interessere seg for husflidsprodukt.Heimane vart utstyrt med vovne portierar, sofaputer og
borddukar i nasjonale mønstre. Nasjonaldrakter, utskåra møblar med nasjonale motiver og rosemaling fann vegen til bymiljøa.
Dei fattige skulle
forsørgje seg sjøl.
Med uttrykket “nyttehusflid” meinte ein inntektskapande arbeid. At dei fattige skulle forsørgje seg sjølve og ikkje
underhaldast av andre, var ein gamal tanke. Eilert Sundt formulerte dette klart i si bok om Husfliden i Norge i 1868,
direkte mynta på fattigkommisjonane. Her fortel han om bygder han besøkte og om bønder som her nytta kvar ledige stund til å framstille produkter som dei kunne selje. Dette var ein måte å møte fattigvondskapen på, meinte han, og ga fattigkommisjonane ideer til korleis utgiftene til fattigkassa kunne reduserast. Med
husflidsforeningene ønska ein å sikre ei avsetning av husflidsproduktene på ein meir lønsam måte enn å selje desse tinga direkte yil oppkjøparane.
Embedsmannsfruene
Våren 1888 skreiv Randi Blehr (1851-1929) i Sogns Tidende at ho ville slå eit slag for husfliden på Vestlandet. Ho hadde vore tilstades då Norsk Husflids Venner vart stifta året før og vart etter sin avisartikkel kjend med bildeveverska
Kjerstina Hauglum. Møtet med henne ga støtet til vevskulen i Lærdal våren 1889. Randi Blehr var fogdefrue, busett i Førde, men alt hausten 1889 flytta familien til Tromsø. I dei få åra ho budde i Sogn og Sunnfjord, hadde ho oppmuntra bønder og embedsmannsfruer til å sette i gang veving, treskjæring og tegefletting.

Diverre veit vi ikkje meir om kontakten mellom Randi Blehr og Kathinka Lind enn at Randi Blehr kjøpte dei to første teppene fru Lind vov. Men vi har nokre brev frå prestefrua Amalia Eide i Førde, som og var ei av fruene som sette seg ved vevstolen. I eit brev til Randi Blehr i Tromsø hausten 1889, fortalde ho kor mykje ho sakna henne og grunda over om ho hadde sett i gang husflidsarbeid der nord. Ho fortalde vidare korleis det gjekk med si eiga veving. Ho hadde fått greie på fargane og farga sjøl, men ulla sende ho til spinning,. En kone frå Jølster var komen for å undervise i veving, og ho hadde tinga to jenter til å sitte i vevstolen. Seinare gjorde ho det slik at jenter fikk opplæring i veving mot at dei arbeida for henne.
-Men mønstrene
var smukke!
Randi Blehrs innsats var viktig for veverskene i Sunnfjord fordi ho skaffa dei kundar…
Olina Svidal var terne (tenestejente) hos Kathinka Lind. Det var ho som reiste ned til Johanna på Strand og lærde seg å smette slik at teppet vart likt på begge sider, slik teknikken var opphaveleg . Amalia Eide fortalde hausten 1889 at Olina Svidal var hos henne med to teppe som fru Konow skulle ha. Fru Eide kritiserte teppene. Ho tykte dei var stygt vove fordi dei hadde ei rett og ei vrang side! Dessutan likte ho heller ikkje fargane. De var altfor sterke.
– Men mønstrene var smukke, vedgjekk ho.
…så var det kanskje hausten 1889 at Kathinka Lind fikk greie på korleis ho skulle veve med enkeltslyng.

Så nokre vev-uttrykk:
Uttrykk om rendene i foten på et roseåkle:
Snaretenningar = 1 tråd av kvar farge, vekselvis innslag.
Skjortebandsrand = H-rand.
Søgnegjæ r= 2 trådar og deretter 1 tråd ( 2 fargar) i innslag.
H-rand= fjølrøys
Troll-rand = fjølrøys.
Roseåkle : 1) Kloåkle 2)Honne- og kollerose 3) Samrose 4)
Kolverose eller Nikrossrose.

Randåkle vart helst vove med fjølrøys.

Gamle uttrykk (jølstramål): Havalding.

Øpst, nærmaste øpst,og øpst.Fremst,nærmaste fremst og fremst.Fargene
Fargane var i som regel raudt (krapp), gult (bjørkelauv eller mose), svart (sauesvart) og kvitt (sauekvitt) I tillegg brukte jølstringane potteblått, farga med indigo i urin.

Mørk gråsvart var farge laga av svorte, som dei fann i myrene, i eit jarnhaldig dike, som tråden vart kokt i.

Brennenesle vart vove inn i gamle åkle.

Historisk Museum i Bergen har ei samling på rundt 300 åkle.Teppene er ordna i ei studiesamling og i ei permanent
utstilling. I studiesamlinga er teppene delvis ordna geografisk og delvis etter mønstre. Alle teppene er
katalogisert og fotografert, og så vidt mogleg påført kvar dei er vove og kor gamle dei er. Fleire av åklene i denne samlinga er frå Jølster i Sunnfjord, ikkje frå Sogn, som museet skriv. Mistydinga kan skuldast at mange bergensarar framleis seier at Jølster ligg i Sogn, meinte Viken, Hegheim og Sunde, alle tre erfarne og kunnskapsrike kvinner ved veven. Dei er dessverer borte, men dei vil aldri bli gløymde kva dei gjorde for tekstilkunsten i Jølster.
Kjelder:
Intervju med Audhild Viken, Magnhild Hegheim og Aud Sunde, alle tre med dei beste kunnskapane om veving og åkle-tradisjonar i Jølster.
Husflidkonsulentane Ester Johanne Øverland og Tore Risnes: Jul i Sunnfjord ”Frå seng til vegg”.

I katalogen til Jølstramuseet finn du jølstraåklene i vår samling og etter kvart også bilder av andre jølstraåkler i privat eige, til glede for dei nye generasjonar veversker.