Restaurering av Grindastova er starta

 

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

 

Endeleg er vi i gong med å restaurere Grindastova som har ein sentral plass i Jølstramuseet. Om arbeidet går som planlagt skal den stå ferdig 1.mai 2018. Det er Jølster bilelag med Erlend Gjelsvik i leiinga som skal gjere arbeidet, ein mann vi har stor lit til. Vi har fått støtte frå Norsk kulturminnefornd til arbeidet men svært mykje gjer vi også sjølve. No i startfasen har vi rydda ut stova, rydda rundt, tatt av torv, papp og never.

Grindastova vart flytta til Jølstramuseet 1928 -1929. Den vart flytta frå «Grinda» på Årset. i følgje gamle kontraktar var der Erik K. Gjesdal som ga sonen Karl E. Gjesdal løyve til å selje stova. Kontrakta er skreven i august 1924 og salet vart stadfesta av Erik K. Gjesdal i 1925. I følgje gamle papir tok det 4 år før stova kom opp her. Det var   Karl E. Gjesdal som tok på seg ansvaret for å sette stova oppatt.

Grindastova har ei planløysing som i hovudsak er delt i tre rom etter kvarandre. Framsval(gang). stove og bakkleve.Der er lem over heile bakkleva.

Det er sagt at årstalet 1631 er skåre inn i ein av veggane. Dette er enno ikkje funne, me rådgjevar hos fylkeskommunen einer at dette ikkje er usannsynleg.

Rådgjevar hos fylkeskommunen skriv følgjande i sin konklusjon:

«Grindastova har mange byggetekniske detaljar som peiker attende til tida kring reformasjonen. Andre faktorar som indikerer høg alder er dei store reparasjonane med utskifting av m.a. sviller på 1800-talet. Stova er også eit sjeldan bevart eksemplar av stover med tømra bakkleve i frå denne tida.»