«Det skjer noko i Jølster ….»- Open restaurant på låven laurdag 25.mars

Helga 24.-27.mars er det ..» Det skjer noko i Jølster» ( se eiga facebookside).Jølstramuseet har ope restaurant tilliks med i fjor laurdag 25.mars. Vi opnar dørene kl. 19:00 for middagsservering, og kjøkkenet er opent fram til kl.22:00. Vi stenger kl. 24:00.
Ta med deg familie, vennar eller kom åleine. Det kan vere smart å bestille bord på førehand. Det kan du gjere ved å sende ein sms eller ringe

Heidi på tlf. 971 40 975

Du kan kjøpe enten ein, to eller tre rettar. Alle desse tre rettane er glutenfrie.


Vi serverar vintermeny som er :

Forrett :
Potetsuppe med bacon
kr. 135,-

Hovudrett:
Lammeskank med mandelpotetpurè, madeirasjysaus og rotgrønnsaker
kr.430,-

Dessert:
Sjokoladetrøffelkake med heimelaga vaniljeis.
kr. 135,-

Ynskjer du noko enklare eller noko som passar til ungane, kan du få kjøpe heimelaga pizza med salat til kr. 169,-
eller Spaghette med tomatsaus til kr. 89,-
Vi har eigen barnedessert til kr. 59,-

Det er ikkje feil å spise middag ute denne laurdagen.

Velkommen.