11062779_977572828953931_7189543191128162168_n

SOMMARNATT PÅJØLSTER – 6.JULI 2017 KL. 23:00 -KLANGEN AV NORDEN

Xabier Díaz (duo),

The Tambourine Man

Xabier Díaz er både musikar, komponist, forskar og songar, og spesialist på instrumentet Pandeireta Galega, den galisiske tamburinen. I Galicia nyt han kjendisstatus, mellom anna etter mange år som vokalist i den leiande folkemusikkgruppa Berrogüetto, i tillegg til samarbeid med ei rekkje store artistar. No gjer han suksess med eigne prosjekt, som til dømes The Tambourine Man. Her møter tamburinen hans 7 mauriske firkant-trommer, eller adufar, i den kvinnelege vokal- og perkusjonsgruppa Adufeiras de Salitre. I tillegg har han med seg Gutier Alvarez på dreielire og Javier Alvarez på toradar. Med plata The Tambourine Man sikra Xabier Díaz seg fleire nasjonale prisar, og topplasseringar på internasjonale platekåringar.

To år tok det å leite fram gamle voggesongar og folkesongar frå galisiske landsbyar; og gje dei nye arrangement og ny tolking gjennom Xabier Díaz si sjelfulle stemme; sikkert og elegant akkompagnert av songen og rytmen frå Adufeiras de Salitre. Díaz kan kunsten å kombinere det vakre i songen, musikken og det estetiske – til ei oppleving du vil hugse lenge!

http://www.fordefestival.no/artistar-2017/2017xabier-diaz-the-tambourine-man

Javid Afsari Rad Trio,

Javid Afsari Rad er artist, musikar, komponist, tradisjonsberar og kultur- og integreringsentreprenør frå Iran og Norge, busett i Oslo. Han kom til Norge som flyktning i 1986, har studert klassisk persisk musikk i Iran, og musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Javid spelar fleire instrument, men hovuinstrumentet er persisk santur. Gjennom dei 30 åra han har vore i Norge, har han hatt stor innverknad på det norske musikklivet. Han har etablert ei rekkje ensemble, frå denne trioen med Harpreet Bansal på fiolin og Tove Erikstad på cello, til ComboNations, som også spelar på festivalen, Rumi Ensembleog Norwegian World Orchestra. Som komponist er han sterkt inspirert av persisk musikktradisjon, men brukar også element frå vestleg musikk. Turnéane hans har teke han over det meste av verda, og han har ei rekkje tingingsverk på cven både i inn og utland, mellom anna til Kringkastingsorkesteret.

I 2008 mottok han prisen som Årets artist av Oslo kommune, og i 2016 vart Javid Afsari Rad tildelt statsstipendiat av Kulturdepartementet.

Javid Afsari Rad santur
Harpreet Bansal fiolin
Tove Erikstad cello

http://www.fordefestival.no/artistar-2017/2017javid-afsari-rad-trio

 

 

Ole Nilssen,

Ole Nilssen (f. 1993) frå Løten er ein ung, og allereie merittert folkemusikkutøvar. Dette året er han aktuell med si fyrste soloplate der slåttespel solo på trekkspel har fokus. Ole kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar i oppveksten og gjennom studiar ved m.a. Norges Musikkhøgskule har han jobba med den tradisjonelle slåttemusikken, og samstundes utforska det store spennet tradisjonsmusikken frå heimplassen har. Ole er og dansar og har vunne A-klassa på Landskappleiken to gongar. Vi får høyre ein variert solokonsert med alt frå vare salmetonar til danseslåttar etter fanden sjølv. Han har vore med på talentprosjektet på Førdefestivalen og spelt på Jølstramuseet før.

http://www.fordefestival.no/artistar-2017/2017ole-nilssen

Talentutøvarar frå Cuba, Colombia og Norge,

Internasjonalt talentprosjekt

Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er i prosjektet. Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar.

Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Kulturtanken, og vert støtta av Utanriksdepartementet.

I år kjem dei ni unge musikarane i talenprosjektet frå Cuba, Colombia og Norge.

Musikalske leiarar er: Sverre Indris Joner og Hilde Fjerdingøy

http://www.fordefestival.no/artistar-2017/2017talent-2017-cuba-colombia-norge

Hamid Sakhizada 

Sterke historier og truga musikk frå Hazara-folket.

Hamid Sakhizada kjem frå Afghanistan, men er no ein av to fribymusikarar i Harstad, etter at han måtte flykte frå det taliban-styrde heimlandet sitt i 2015. Sakhizada er ein populær musikar, klassisk utdanna, men med ein nesten altoppslukande lidenskap for dambora og afghansk tradisjonsmusikk, som han meiner er i ferd med å forsvinne. For å løfte fram folkemusikken frå Hazara-provinsen, melde Hamid seg på fleire song- og musikkonkurransar på afghansk TV, mellom anna i Asias svar på Melodi Grand Prixog afghansk TV sitt svar på Idol.

Hamid Sakhizada arbeidde hardt og gjorde karriere. Etter kvart starta han også ein musikkskule for å undervise elevar i Hazara-tradisjonane. Fleire gonger opplevde han trugsmål og trugande situasjonar, og då to av musikkelevane hans vart kidnappa i 2015, vart situasjonen uhaldbar. Ein av studentane vart torturert, men sleppt fri, den andre vart drepen. For litt over eit år sidan prøvde nokon å trenge seg inn i huset til Hamid og kona, og dei såg seg nøydde til å flykte frå heimlandet. Før jul i 2016 kom dei til Harstad, den einaste norske fribyen dedikert til musikarar på flukt.

Hamid Sakhizada har ei sterk historie og ei inderleg vakker stemme. Damboraen er eit enkelt instrument, som i hendene på Hamid gjev både rytme og melodi til den suggerande musikken frå Hazara-provinsen. Under festivalen får du møte Hamid i dei intime stovene på Jølstramuseet; det kan ligge an til musikkmagi frå Afghanistan midt i sommarnatta på Jølster.

http://www.fordefestival.no/artistar-2017/2017hamid-sakhizada

Molsky’s Mountain Drifters.

Amerikansk felemeister med musikk frå Appalachane

Grammy-nominerte Bruce Molsky er ein av dei leiande felespelarane i USA. Han trakterer fele, banjo og gitar, og er i tillegg ein god songar. Molsky samarbeider med musikarar over heile verda, også i Norge. Her har han spelt med m.a. Annbjørg Lien og Ånon Egeland.

I sitt nyaste prosjekt, Molsky’s Mountain Drifters, dyrkar Bruce Molsky kjærleiken sin til folkemusikken frå Appalache-fjella – ei fjellrekke som strekk seg heile 1900 km frå Québec i Canada til Alabama i USA. I Molsky’s Mountain Drifters har han fått med seg Allison de Groot, som også elskar amerikansk «old-time music». Ho er kjend for sine to eigne grupper, The Goodbye Girls og Oh My Darling, som har turnert dei store folkemusikkfestivalane i Europa. Akkurat som Bruce Molsky er ho hekta på samarbeid, og det å fornye og friske opp tradisjonelle uttrykk.

Den tredje musikaren i trioen er Stash Wyslouch, representant for den unge generasjonen i amerikansk bluegrass. Han starta musikkarrieren i metal-band, men fann snart seg sjølv som medlem i rootsbandet The Deadly Gentlemen. Med eminent gitarspel og vokal, og ein dose punk-metall i blodet, tilfører han ein ekstra puls til trioen.

http://www.fordefestival.no/artistar-2017/2017molskys-mountain-drifters
Sal av mat og drikke. Buss frå Førdehuset kl. 22.15, og retur kl. 02.00 er inkl. i billetten.

Billettar finn du her : https://fordefestivalen.ticketco.no

Meir om arrangementet finn du her : http://www.fordefestival.no