Trekunstnaren Inga Hjohlman har utstilling i Jølstramuseet sundagar i perioden 22.oktober – 26.november

Jølstramuseet har glede av å presentere den svenske kunstnaren Inga Hjohlman sitt arbeid i kvar sundag i perioden 22.oktober til 26.november frå kl. 12:00 – 19:00.

Inga kjem frå Leksand kommune i Dalarne i Sverige .

Inga arbeider med tre. Treet har former, bilete og skulpturar som veks fram.Ho skildrar rørsle og uttrykk. Ho går mot treet med omsorg – hoggar, skjer og formar. Ho føl treet sin historie.

Inga Hjolman er fasinert av tre og arbeidar ut frå ein spesiell trebit som vil noko eller seier henne noko. Dei ulike trea sitt særeigne språk i greinvinklar og årringar,minner om det livet vi menneska lever.

Inga arbeider deltid med kuer og ho kjem heile tida tilbake til kuene i sin kunst.

Det er fasinerande å sjå kva eit trestykke kan uttrykke. Utstillinga er ei salsutstilling.

Ho nyttar motorsag til det grovaste arbeidet, seinare øks, kniv og stemjern.

Halvvegs kr. 12 000,-Reven kr. 6 000,- Fågelmannen kr. 4 000,-