Utstilling, kaffe,-og dessertslabberas med musikk til

Palmesundag 9.april vil vi i tillegg til utstillinga ha kaffe-og dessertslabberas som vert servert på Jorunn Russøy si samling av finare porselenskoppar, fat og glasskåler. Dessertbordet famnar om dei gode gamle dessertane mellom anna mandelkjernepudding, karamellpudding, heimelaga gele og russedessert og mange andre sortar. Her betalar du kr. 150,- og kan spise så mykje du vil.

Jorunn Russøy og Asbjørn Vie vil spele og synge, og her er det berre å tralle med. Ta turen innom .