PERSONVERNERKLÆRING JØLSTRAMUSEET AS

Denne personvernerklæringa fortel korleis Jølstramuseet AS samlar inn og brukar personopplysningar.

Vår adresse er:
Jølstramuseet‎
Håvardtunvegen 4
6847 Vassenden

Erklæringa gjeld for følgjande:
www.jolstramuseet.no

Jølstramuseet AS, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.

Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).

Vår databehandlar på denne nettstaden er

Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.

KVA FOR PERSONOPPLYSNINGAR VI SAMLAR INN OG KVIFOR

Vi tek personvernet ditt på alvor og ønsker å informere deg om at nettstaden vår ikkje nyttar informasjonskapslar (cookies) for å samle inn eller lagre personopplysingar. Vi samlar ikkje inn data om din nettlesarhistorikk eller brukaråtferd, og vi deler ikkje informasjon med tredjepartar. All informasjon som du eventuelt gir oss, vil bli handsama konfidensielt og berre brukast til dei føremåla som er spesifisert i personvernerklæringa. Vi er forplikta til å beskytte personvernet ditt og sikre at opplysingane dine blir verande trygge.

Tredjepartstenester

Google Maps

Vår nettstad inneheld innebygd innhald frå Google Maps. Når du brukar Google Maps-funksjonar, kan Google samle inn informasjon om deg. Vi tilrår at du les Google si personvernerklæring for meir informasjon om korleis dei handsamar dataene dine: Google si Personvernerklæring.

Relaterte Informasjonskapslar (cookies)

Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Nokre av informasjonskapslane er nødvendige for at ulike tenester på nettstaden vår skal fungere. Her er informasjonskapslar relatert til denne tenesta:

Informasjonskapsel Skildring Levetid Mottakar
NID Brukast for å lagre brukaren sine preferanser og tilpasse annonsar. 1 år Google

Har du spørsmål om dette, eller om korleis vi elles behandlar personopplysningar vi innhentar gjennom andre kanalar, så er du velkomen til å ta kontakt med oss på post@jolstramuseet.no eller telefon 97140975.