Vi er svært glad for å vise fram over 50 måleri skapa av

kunstnaren Elsa Norunn Håheim Nydal.

Vi opnar utstillinga søndag 3.april kl. 13:00 .

Her vil du sjå det vakre og estetiske. Her vil du sjå lyset i naturen, fargane som vekslar. Ta deg tid til å sjå denne vakre utstillinga.

Utstillinga er ei salsutstilling.

Bileta er laga over ein tidsperiode fra 2007 og fram til no, og viser motiva, fargane og lyset som Elsa Norunn har festa til lerretet. Utstillinga syner også arbeid av rosemålinga,  som har vore ein stor del av livet hennar.

______________________

Elsa Norunn Håheim Nydal

Elsa Norunn har måla i over 50 år og har på den tida selt ein god del over 3000 arbeid i dei åra ho har held på med måling.

Ho har alltid vore oppteken av lyset.Ho leitar heile tida etter dei ulike formene for lys som er i naturen, og i dei ulike flatene som er fra mjukt til hardt. Lyset i bilete påverkar kommunikasjonen mellom bilete og den som ser.

Ho kan truleg kallast ein heimstadmålar. Svært mange av motiva i bileta er «prikklokale», d.v.s. dei skildrar områda kring heimen hennar,-årstidene med lysskiftningar i mangt, ulikt ver og til ulike tider på døgeret. Men ho har også måla ein god del fra andre stader i Jølster, mest fra Kjøsnesfjorden , men også fra Stardalen, Våtedalen og Førs.

_________________________

Heilt sidan ho var lita, har Elsa Norunn visst at ho ville bli målar, og ho tok for alvor til å måle som femtenåring. Då var det å stå opp klokka fire om morgonen, og halde på til sju om kvelden. Ho fekk liksom aldri nok av målinga. Elsa Norunn har myke av kunstnarblod i årane, med felespelarar og treskjerarar på farssida i Jølster, og frå mora som kom frå Telemark og hadde den kjende rosemålaren Gunnar Nordbø i slekta.

Elsa Norunn har utdanning frå einaste skulen i landet med eiga line for rosemåling, Sand yrkesskule. Ho arbeidde mykje med rosemåling i over tretti år etterpå. –Min indre lyrikk og farge held mest til i rosemålinga, fortel ho, eg har to dialektar, det mjuke telemarksmålføret til mor mi og far min sin klåre tanke i vestlandmålet.

På Statens lærerskole i forming fekk ho  høyre dette av han som var hovudlæraren hennar: «du er lyriker, du Elsa». Med det meinte han eit lyrisk innhald i strek og teiknemåte. Ho visste ho var lyrikar, men det var første gongen at nokon sa det til ho med tanke på strekinnhald.

–»Eg trur eg ser lyrikken i landskapet her i Jølster, og eg trur eg ser stemningane i linjene.»

På farssida var det Ola J. Fossheim, onkelen til faren, som var den første og store inspiratoren.
Teikningane hans sådde mykje i henne.Det var mora som var lyrikaren, medan faren var teiknaren med den flotte handskrifta. Begge foreldra hadde nok kunstnersinn, men kvardagsstrevet på eit lite bureisningsbruk med fem born gjorde til at desse evnene ikke vart brukt.

Lyrikaren
Elsa Norunn er ikkje berre målar, men også lyrikar. Ho har gitt ut to diktsamlinger. Den første kom ut i 2001, Vårsår jord . I 2012 kom Frøsprengingssnø. I tillegg har ho publisert fleire dikt utanom, mellom anna i ein antologi utgjeven av Sogn og Fjordane skrivelag i 2005.
–Men ho er  først og fremst målar, men har sagt at når ho av og til går seg lei, eller fast i målinga, så skriv ho «seg rundt og tilbake»

«Eg rettar takk til både jølstringar og andre som har støtta med som målar gjennom mange år. Den jølsterske folkesjela er eit godt galleri.»

(Kjelde :  Firda Tidende 25.07.2012, 24.01.2108)

CV

Utdanning

Utdanning i rosemåling frå Sand i Ryfylke (Aasmund Skori, Åmotsdal i Telemark som lærar). Har stilt ut rosemåling på Dyrsku’n i Seljord i åra 1972 til og med 1988.

Tre år på Heimeyrkesskulen i Jølster, saum, forming og vev.

Faglærarutdanning i teikning, form og farge, SLFO

Utstillingar

Sommarutstillingane på Jølstramuséet  alle åra frå 1989 – 1999

Distriktsutstillinga i Sogn og Fjordane i åra 1982, 1987, 1993 og 2000

Separatutstilling i Sunnfjord kunstlag, Førde, i  1984, 2002 og 2018

Utgjeving av eiga lyrikksamling med eigne illustrasjonar, VÅRSÅR JORD, 2001, Selja forlag

Separatutstilling i Gloppen kunstlag, Sandane, 2002

Kollektivutstilling, Seljevågen galleri, Selje, 2002,

Separatutstilling, Hægstad Gaard, Hellesylt, 2002

Kollektivutstilling, Galleri G, Førde, 2002 og 2011

JØLSTRAKALENDAREN 2003, utg.: Skulemusikkorpsa på Skei og Vassenden

Utstilling i høve VÅRSÅR JORD-konsertar med Kjell Ivar Aase, Linda Øvrebø og Henry Eftevand, 2003

Foto K.A.Tonning, Stryn, 2003

Stardalen sommarkafé, Jølster, 2003 og 2005

Nissedal hyttegrend og camping, Nissedal i Telemark, 2003

Kollektivutstilling, Valleutstillinga, Valle i Setesdal, 2003

Separatutstilling, Gjestgivergården G39, Utvik, 2003

Økland Libris, Førde, 2003

Kollektivutstilling, Anne Grimdalens minne, Dalen i Telemark, 2004

Malekaféen i Florø, 2004

Lavik Fjord Hotell, Lavik, 2004, -06, – 11, – 12, – 16, -17,  -18

Tønna i Bygstad, 2005

Audhild Vikens vevstove, Jøster, DIN JØLSTERDAG, 2005, -06, -07, -08, -09,- 10,- 11, -12,- 13, – 14, -15 –17 – 18 —

Kulturhuset Gamlebanken, Eid, 2006, 2013/14

Cooperhuset, Balestrand, 2006

Ulvesund fyr, 2006

Kollektivutstilling, Walaker galleri 300, 2007

Separatutstilling, Galleri Gamleskulen, Eikangervåg, 2007

Separatutstilling, Sunnivasenteret, Askvoll, 2007

Separatutstilling, Hjartekråa, Volda, 2008

Kollektivutstilling, GUDS DRAUM, Baptistkirken i Bergen, 2008

Ulvesund fyr, 2008

Galleri 104, Sandane, 2009, – 11, – 12, -16, – 17, – 19

Kollektivutstilling, Galleri SØR, Førde, 2009, – 15, – 16, – 17

Doktorgarden Selje, 2010

Separatutstilling, Galleri S, Ålesund, 2010

Separatutstilling, Måløy kunstlag, 2011

Kollektivutstilling, Galleri Å’godt, Sandeid, 2012

Utgjeving av eiga, illustrert lyrikksamling, FRØSPRENGINGSSNØ, Publica Forlag, Sandnes, 2012

JØLSTRAKALENDAREN 2013, utg. : Skulemusikkorpsa på Skei og Vassenden

Separatutstilling, Galleri Krossen, Sandnes, 2013

Kollektivutstilling, Sunnfjord kunstlag, 2015

Kollektivutstilling, Høyanger kunstlag, 2016

Separatutstilling, Galleri Losjen, Fitjar, 2017

Kollektivutstilling, Bygdenæringsdagane i Stardalen, 2017, -18, -19

Friluftsdagane, Hyen, 2017

Separatutstilling, Sunnfjord kunstlag, 2018

Separatutstilling, Jølstramuseet, 2022

Både rosemåla arbeid og bilete,(oljemåleri, akvarellar, og akrylmåleri) er for det mest innkjøpte av privatpersonar over heile Noreg og av privatpersonar i andre europeiske land og land i andre verdsdeler.

Innkjøpt av 

Eid kommune, Nordfjordeid,

Bergen bank, avd. Førde,

Sparebanken i Sogn og Fjordane, Skei,

Sunnfjord folkehøgskule, Førde,

Gloppen kunstlag, Sandane,

Lotteritilsynet, Førde, 2002,

Skei kvinne-og familieforbund, måleri som gåve til Sentralsjukehuset i Førde

Sunnfjord Energi, Førde, 2004

Skei hotell, 2007

Senter for livsmeistring, Skei, 2007

Sparebanken i Sogn og Fjordane2007

Fjordane tingrett, 2007 og 2009

Sogn og Fjordane fylkeskommune, måleri kjøpt og nytta som gåve, 2009

Lotteri-og stiftelsestilsynet, Førde, 2010

Måløy kunstlag, 2011