GÅSEHUDALARM!
Torsdag 6. juli kl 23.00 – 02.00
I sommarnatta på idylliske Jølstramuseet kan du oppleve dei finaste akustiske konsertane du kan drøyme om.
I år kjem du tett på desse artistane: Khusugtun Duo, Love Kjelsson og Ester Thunander (Knekke greine), NMH-studentar, Kader Tarhanine duo og Daniel Lazar og Almir Meskovic. Indre Sunnfjord spelemannslag spelar i tunet.
25 min konsertar i tre ulike stover, sjå oppslag på arena. Sal av mat og drikke.
Gratis buss frå Førdehuset kl. 22.15, og retur kl. 02.00, for dei som har kjøpt billett til konsertane.