Støtte til Strandstova

Kr 500.000 frå Kulturminnefondet

Strandastova - Jøstramuseet

Strandstova vart feia på Jølstravatnet av eit stort jordras i 1682. 341 år etter fekk Jølstramuseet 500.000 kroner til restaurering av stova. Den vart sett opp att på Strand etter raset, men i 1923 vart den flytta med hestetransport til Vassenden – og sidan har den vore ein viktig del av familien Fossheim sitt levande museum.

– Det er positivt at bygningen, og historia blir tatt vare på, sa Atle Hamar som besøkte Jølstramuseet med tildelingsbrevet frå Kulturminnefondet – i februar 2023.

Huset har vore brukt til ulike offentlege og private arrangement. Det er mellom anna viktig i formidling av Jølster si historie. Førde internasjonale folkemusikkfestival har gjennom 30 år nytta huset til konsertføremål under festivalen.

Utdrag av artikkel i Firda

4. februar 2023 (krev abonnement)

Støtte frå Kulturminnefondet

Styremedlem i Kulturminnefondet, Atle Hamar, overrekte tildelingsbeviset til Heidi Fossheim Årdal.

– Det har vore mykje lekkasjar, så først og fremst skal heile taket bytast. Vi har også oppdaga ròteskader i golvet, men vi veit ikkje kor omfattande skadene er. Golvet ligg rett på fjell, så vi må ta det opp for å sjå korleis det ser ut, seier Fossheim Årdal.

I tillegg til restaurering av konstruksjon, glas og kledning, skal ein også rive pipe og peis som vart sett inn på 70-talet. Ny pipe blir sett inn, men det er ikkje heilt avgjort kva varmekjelde stova skal ha i framtida.

– Eivind Fossheim senior kjøpte Strandstova av Nils Strand i 1923, og i 1925 stod den klar på Vassenden, seier Fossheim Årdal.

Strandstova ligg sentralt til i tunet, og blir brukt til lukka lag, selskap og i omvisingssamanheng. Folkemusikkfestivalen har mellom anna hatt konsertar her i 30 år.

Overraska over storleiken
Å halde ved like 13 bygg og eit stort område krev både arbeid og pengar. Difor er Fossheim Årdal ekstra glad for at dei fekk såpass mykje i støtte denne gongen.

– Eg må vedgå at eg vart overraska over storleiken på tildelinga frå Kulturminnefondet. Vi er ikkje så vande med å søke om midlar. Vi er mest vande med å klare oss sjølve. Men vi er også avhengig av støtte, på lik linje med andre.

Vi har ein kulturarv å ta vare på, og det er ein god motivasjon for oss å sjå at folk rundt oss ser verdien av det vi gjer. Vi synest det er viktig at det gamle blir tatt vare på. Det har noko med å kjenne historia si, seier Fossheim Årdal.


Det er Erlend Slåtten og Jølster Bilelag som har fått arbeidet med restaureringa. Fristen for å bli ferdig med arbeidet er utsett frå 1. oktober til nyttår, sidan bilelaget også har oppdrag med Astruptunet.