Wayfaring Stranger

Kortversjon av teaterstykke • onsdag 3. mai kl. 19.00

Wayfaring Stranger - jolstramuseet.no

Onsdag 3. mai kl. 19.00 blir det framføring av kortversjonen av teaterstykket Wayfaring Stranger på Jølstramuseet. Dørene opnar kl. 17.00 – med sal av mat og drikke.

Gjennom teater, poesi og bluegrass-musikk, fortel Wayfaring Stranger om kva det kostar å forlate heimstaden sin. Smerta ved å ta farvel med dei næraste og kjære, og kjensla – som innvandrar – å vere ein utanforståande, men og verdien av å lytte til framande stemmer.

Dette er ei svært personleg historie om smerte og tap,men den handlar og om korleis desse kjenslene i sterk grad kan endre seg og verke motiverande.

Stykket fokuserer på korleis vi definerer kjenslene våre for omgrepet «heim» og kva det betyr å forlate heimen sin. Det å forlate – «ofre» – heimstaden sin, er ein investering innvandrarar gjer for sitt nye land. Dette blir i stor grad oversett i samfunnet og er sjeldan forstått av dei som ikkje sjølv har opplevd det.

Wayfaring Stranger er framført av Jeff Pedersen – song og skodespel, saman med Jakob Wyrtz på m.a. gitar og banjo.