Dream yourself away – grafikk og maleri

Salsutstilling 1. juli – 27. august 2023

Kunstnar Tom Erik Andersen - jolstramuseet.no

1. juli opnar vi salsutstilling med kunstnaren Tom Erik Andersen, som kombinerar humor, alvor, bodskap og minner om ei verd av draumar og fantasiar. Det er vennleg djupne i bilda til Tom Erik Andersen. Utstillinga varer til søndag 27. august.

Andersen har skapt eit gjenkjenneleg og særeige utrykk og dei surrealistiske motiva blir formidla gjennom eit reint og direkte formspråk. Titlane på bilda hans er viktige og kan sjåast på som ein del av kunstverket.

Bilda har eit grunnleggande hovudtema; Oss menneska og det livet vi lever.

Situasjonane han skapar kan oppfattest som melankolske eller humoristiske, men likevel er symbolikken tydeleg. Bilda gjer oss nysgjerrige og vi vil vite meir – og kunstnaren ønskjer nettopp det. Bilda hans formidlar ei ”historie”. Han ønskjer at betraktaren skal dvele litt ved motiva, kanskje finne si eiga ”historie” og gjerne ta med inntrykka videre.

CV Tom Erik Andersen f. 1964

Bakgrunn:   

  • Elev hos Oddmund Raudberget.
  • Elev hos Kjell-Eivind Wang.
  • Asker Kunstfagskole, 3 år.

Stipend:

  • Lier kommunes kulturstipend.
  • Norsk Kulturråd.

Medlemskap:

Norske Billedkunstnere

  • Last ned PDF

    med fyldig CV / oversikt over arbeid og utstillingar

Andersen har vore profesjonell kunstnar i over 20 år. Han har ei lang rekke utstillingar bak  seg i Norge og har i tillegg stilt ut i mellom anna i New York, Chicago, Beijing, Stockholm og København.

Andersen har utført mange utsmykningsoppdrag dei siste åra. Ei rekke skular, sjukehus og offentlege institusjonar har kjøpt inn kunsten hans.

Han er også innkjøpt av en rekke private selskap i tillegg til samlarar i inn- og utland. Mellom anna fekk han i oppdrag å utsmykke heile Ambassadør hotell i Drammen i 2012. Han har også laga ein installasjon som står plassert i ei rundkøyring på RV 134 mellom Drammen og Kongsberg. Verket er 10 tonn tungt og har blitt eit landemerke.

Kunsten hans har m.a. vore nytta i fleire fagtidskrift, som bokomslag og CD cover.

Over 50 galleri i Norge formidlar kunsten hans. Andersen er også blitt ein del av skulepensum. Eit av kunstverka hans er gjengitt i boka Dialogos som er nytta i 9. klassetrinn.

Tom Erik Andersen er ein populær og etterspurt kunstnar i både inn- og utland og er ein av Norges mestselgjande kunstnarar.