Konsert med Stig Ulv

fredag 11. juni kl. 19.00

Konsert med Stig Ulv fredag 11. juni kl. 18.00 - jolstramuseet.no

Stig Ulv har no 10 års jubileumsturné med sin konsert «Hjartevarme». 11. juni kjem han til Jølstramuseet.

« Stig Ulv spelar ikke på gitaren, han får den til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ein renskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav.»

«Gir kvilepuls gjennom øyra» (Lokalavisa Møre)

Ti år med farande Ulv

Stig Ulv er ein sta strengeinstrumentalist med underfundig humor som leikar seg gjennom sine møte med publikum. I 2021 feirar han ti år som soloartist.

Gitaristen frå Sunnmøre har sakte, men sikkert tileigna seg eit stort publikum rundt om i landet. Han har pakka koffertane med instrumenta i bilen, og køyrt tusenvis av mil for å møte dei som har trengt ei pause frå kvardagen. Alle dei som helst vil lukke auga, vende blikket innover og ta med seg musikken til Stig Ulv på reisa.

Han har sjølv laga melodien med det treffande namnet «Strengetonar». Det er øvinga han har blitt ein einar i. Fingrane flyg ikkje over gripebrettet for å imponere, men for å fange stemningane i den vestlandske naturen, i sorg og melankoli.

Men ei konsertoppleving med Stig Ulv byr også på latter og i blant latterkrampe. Han kommuniserer direkte med sine tilhøyrar gjennom sjølvironiske anekdotar. Han tar ikkje seg sjølv alvorleg – men tilhengjarane tar absolutt Stig Ulv seriøst.

Magne Furuholmen (a-ha), Tom Stalsberg og Frank Hammersland (Pogo Pops) er mellom kjende kulturfolk som har latt seg fengje sterkt. I år er det kanskje du som blir ein del av fanskaren. (Geir Hopen Nødseth)