Sommarutstilling i låven • 20. juni – 15. august

Torsdag, fredag, laurdag og søndag kl. 13.00 – 20.00

Årets sommarutstilling i låven opna 20. juni, og varer fram til 15. august.

I år har vi gleda av å vise fram kunst av:

Rune Furelid

Sunnfjordingen Rune Furelid miksar moderne samtidsuttrykk med klassiske maleteknikkar. Etter læretida hjå Odd Nerdrum har han utforska mange stilartar, teknikkar og medium. Furelid har ei leiken tilnærming og ønskjer å utfordre sjåaren til å delta for å danne si eiga tolkning.

Kunstverk av Furelid heng i dag ikkje berre rundt omkring i Noreg, men også i private samlingar i mellom anna Spania, Australia, USA, Singapore, Sverige og Danmark. Han har sia 2016 dreve sitt eige galleri i Ålesund.

21.000 følgarar har funne vegen til instagram kontoen hans, der ein kan sjå eit utdrag av produksjonen.

Jytte Kristin Eikenes

Kunstnaren er født i 1968 og bur i Høyanger i Sogn og Fjordane. Ho er halvt dansk med mor frå København. Jytte er utdanna bygningsingeniør, og jobba i fleire år med kart og oppmåling før ho tok utdanning i pedagogikk. Etter å ha undervist bygg- og anleggsfag i ti år ved Fagskulen i Sogn og Fjordane, arbeidar ho no som undervisingsleiar ved skulen.

I 2004 gjorde Jytte alvor av den livslange interessa for kunst, og begynte på reisa i å utdanne seg sjølv til kunstnar. Ho utrykker seg gjerne fargerikt i teknikkane akvarell, akryl, tørrpastell, linoleumstrykk og teikning.

Jytte har deltatt på fleire separat- og kollektivutstillingar i Norge og utlandet. Ho har blitt valgt ut i juryerte utstillingar, to gonger i København, ein gong i Berlin og ein gong i Fabriano i Italia. 

Anne Angelshaug

Anne Angelshaug  er oppvaksen på Vassenden, og hadde si første utstilling i heimbygda – på Jølstramuseet i 2017.

Stilsjangeren hennar er pop-surrealistisk. Personane i bilda skal ikkje førestille henne, men meiningane er ofte ei forlenging av ho.

Anne vil at folk skal oppleve bilda på eigne premissar. Ho er opptatt av verda vi lever i og mange av bilda illustrerer framtidsscenario, som til dømes korleis ser det ut i framtida, og kva vil framtidige generasjonar meine om oss?

Ein fellesnemnar med alle verka er dei lyse fargane. Kunstnaren kallar dei er eit slags søtingsmiddel, som skal få folk til å stoppe opp, for så å bli lokka inn i bildet – og gje dei ei oppleving.

Marit Iren Ulfseth Lefstad

Marit Iren Ulfseth Lefstad er ein kunstnar med mange års erfaring. Ho jobbar med akryl, akvarell og andre teknikker, og har eigen nettbutikk.

Marit Iren tar også bestillingsoppdrag.

Trud Wilmann Nybø

Trud Wilmann Nybø arbeider mykje med akryl på lerret, men brukar og goache og pastellkrit.

Ho bur i Florø og hentar mange av motiva sine frå nærmiljøet.

Trud har hatt ei rekkje seperatutstillingar og utstillinger saman med malegruppa Ultra Marin.