Hav og bre og syndere i sommersol - Jøran Flo // Jølstramuseet

Hav og bre og syndere i sommersol • 26.6. – 27.8.

Marcelo - jolstramuseet.no

Samtaler gjennom farger • 4. – 23. juni

Bolsetnipa og Storia alltid nære

Tida gjennom lys og fargar // Elsa Norunn Håheim Nydal

MINNE OM FAR OG MOR // Jølstramuseet onsdag 16.mars

 

Både far og forfattar, både mor og poet. Hilde Hagerup og Magnus Takvam deler minne frå ein barndom i kvar sin kunstnarheim, og ser med vaksne blikk tilbake på foreldra sine liv.

Klaus Hagerup og Marie Takvam var folkekjære forfattarar. I kvardagane heime var tok skaparkrafta og kunstnarkallet stor plass. I denne samtalen går dotter Hilde og son Magnus opp spora etter foreldra sine.

25 år gammal og berre nokre månader etter at sonen Magnus vart fødd i 1952, gav Marie Takvam ut si første diktsamling. Ho flytta frå den vesle bygda i Hjørundfjorden på Sunnmøre og fann seg ein heim i storbyen rett etter kringen. Som poet etablerte ho seg raskt som ei omtykt nynorsk diktarstemme og blei ein del av kunstnarmiljøet i hovudstaden. I biografien «Hun skrev for å kunne leve» fortel sonen ærleg og kjærleg om mor si, i eit medrivande kunstnarportrett om ein av våre fremste lyrikarar.

Då forfattaren, skodespelaren og regissøren Klaus Hagerup gjekk bort i 2018, tok eit allsidig forfattarskap slutt. I biografien «Like fint å jobbe som å danse» skriv dottera Hilde Hagerup om far sin som ei utålmodig sjel, ein som skreiv og arbeidde heile tida. – Eg skriv for å forsøke å halde han fast, seier Hilde. Sjølv om biografien er ei bok om ein sorgprosess, er den full av faren sin humor, iver og sjarme.  Boka har blitt eit varmt portrett, ikkje ulikt boka Klaus Hagerup sjølv skreiv om si mor, Inger Hagerup i 1988: «Alt er så nær meg»

Magnus Takvam og Hilde Hagerup deler minne frå ein oppvekst der kunsten hadde høg prioritet og reflekterer korleis vi blir verande barn av våre foreldre, i samtale med journalist og forfattar Katrine Sele.

Arrangementet er ein del av programserien «Lese. Leve.» og vert arrangert med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord.

_____________________

Her på Jølstramuseet opnar dørene kl.19:00 . Vi serverar ostefat med godt tilbehøyr til kr. 169,- , for dei som vil ha eit lite måltid. Elles har vi kalde og varme drikkar og noko søtt å bite i.

Programmet tek til kl. 20:00 og er i samarbeid med Rom for ord, Jølster litterære folkeakademi og Jølstramuseet .

Billettsalg i døra.

kr. 200/150 (medlem i folkeakademiet) 

 

 

 

Haldis Karlsen – LINJER OG LANDSKAP

Haldis Karlsen bur og arbeider på Kaupanger i Sogn,

I denne separatutstillinga som også er ei salgsutstilling er hovedfokuset hennar måleri, med nokon få innslag av trykk,

Bileta sine uttrykk syner at Haldis er  inspirert av naturens linjer, former og farger.

Å måle lag på lag, få fram dybden og på same tid undersøke lys, farge, form og struktur er  målet i hennar arbeidsprosess.

Utstillinga er open alle søndagane i mars fra kl.12:00 – 18:00

Utdanning

Kunstskolen i Bergen 2012-2014

I tillegg ulike akvarellkurs fra 2005- t.o.m. 2012

Kurs i kulltegning, oljemaling

 

Kunstutstillinger:

2016         Gullgruven i Åsane/Bergen

2017         Lille Atelier i Bergen

2018         Lille Atelier i Bergen

 

Heidi og Frode - jolstramuseet.no

Vi opnar opp for sesongen

Rakfiskkveld Jølstramuseet - jolstramuseet.no

Smak av rakfisk frå Jølster • 5. og 6. november

Separatutstilling FRI • 21. august – 24. september

Rune Furelid - jolstramuseet.no

Sommarutstilling i låven – 20. juni – 15. august

Litterær laurdag på Jølstramuseet - jolstramuseet.no

Litterær laurdag 19. juni